Nordhordland under okkupasjonen
Radøy
Jostein Saakvitne. Jossen99@gmail.com
Då krigen kom til Noreg, var det tre kommunar på Radøy; Manger, Sæbø og Hordabø. Ein av dei første krigsdagane møttest ordførarane i dei tre kommunane saman med lensmannen og soknepresten. Dei vart samde om at alle skulle bli verande i stillingane sine, for å hindra at tyskarane og NS skulle erstatta dei med nye nazivenlege folk. Ein ville freista å gjera det beste ut av det utan å gå i teneste til okkupantene, trass i at mange meinte at det rette ville vera å trekkja seg frå stillingane sine.
Nordhordland var ikkje av dei regionane som vart hardast ramma av den tyske okkupasjonen, men det var ulikt korleis folk opplevde den nye tida. Nokre stader såg dei knapt ein tysk soldat i desse åra, medan det andre stader var tett kontakt med okkupantene. Dette gjaldt særleg der tyskarane bygde festningsanlegg og andre byggverk. Slikt arbeid førte med seg at mange kunne få godt betalte jobbar i tysk teneste, noko som vekte harme hjå mange. Men det var stor fattigdom, og fleire såg ikkje anna utveg til å brødfø familien. Derimot var det stor harme mot nordmenn som gjekk stort inn i tyskararbeid og tente store pengar på det, som dei såkalla “brakkebaronane”.
Varemangelen var stor, og det var ikkje alle som hadde gard og kunne få mat frå drifta. Dei såkalla forsyningsnemndene fekk ei viktig rolle i fordelinga av varer, der alle viktige vareslag var rasjonerte og skulle fordelast rettferdig gjennom rasjoneringskort. Bøndene fekk ikkje fritt bruka av varelagra sine, men vart kontrollerte av nemndene. Overskot vart rekvirert til offentleg omdeling. Dette var sjølvsagt ikkje alltid like populært.
Det offentlege livet opplevde store endringar under okkupasjonstida. Det nye NS-regimet ønskte kontroll med skule, kyrkje, organisert idrettsliv og politi/rettsvesen. Det kom til store konfrontasjoner på desse områda, då nordmenn nekta å bøya seg for dei nye direktiva om å innordna seg “den nye tida”.
Dette ga seg m.a. utslag i at den norske kyrkja braut med statsmakta. Soknepresten i Manger, Otto Halmås, mista dermed den statlege stillinga si (og løna si) og måtte halda fram som ein slags “privat” prest.
Derimot blanda tyskarane og NS seg lite inn i det lokale kristne lagsarbeidet, som fekk operere relativt fritt. Dette var eit arbeid som stod sterkt på Radøy i denne tida.
500 lærarar som protesterte mot det nye styret vart sendt til Kirkenes, men ingen frå Radøy. Det store fleirtalet av dei lokale lærarane heldt fast på passiv motstand, det er berre kjent eit par lærarar som gjekk inn i NS.
Det organiserte idrettsarbeidet på nasjonal basis vart lagt ned i protest mot innblanding frå dei nye styresmaktene. Derimot oppretta ein lokale idrettsforeiningar, og t.d. mange fotballklubbar såg dagens ljos på Radøy. Dette vart sett på som viktig for å oppretthalda solidaritet og ein fast front mot tyskarane og NS.
Mange ungdomar såg det som si plikt å ikkje berre yta passiv motstand, men og gå inn for aktiv motstand mot okkupantane. Dette ga seg utslag i flukt til England for å slutta seg til dei allierte styrkene der. Det illegale arbeidet i Radøy gjekk mykje ut på å organisera fluktruter over Nordsjøen. Fluktarbeidet var særleg konsentrert om Skaganeset. Seinare vart det oppretta fleire lokale motstandsgrupper i Nordhordland, der Bjørn West gruppa i Matrefjella er den mest kjente.
Kvinnene sin innsats har lett for å verta gløymd, i skuggen av meir heroiske forteljingar om menn i strid. Men utan det slitsame kvardagsarbeidet for å halde hus og heim i drift, kampen for å få mat og klede for ein ofte stor familie, ville det gått mykje verre. Matmangelen var stor, trass i arbeidet til forsyningsnemndene, og husmødrene var ofte fortvila over kor lite dei kunne by familien.
Ein må heller ikkje gløyma den store innsatsen som krigsseglarane gjorde, i alliert teneste for å frakta krigsviktig materiell fram til fronten under svært farefulle tilhøve. Her var det fleire frå Radøy som gjorde ein stor innsats.
Meir informasjon om tilhøva på Radøy under okkupasjonen kan du få i minneboka “Krigsår på Radøy”, utgjeve av Radøy sogelag 2011.
Lenkjer
Skjellanger Fort / Skaganeset - gøymestad for flyktningar til England
John Petttersen:
https://www.ba.no/nyheter/lukten-glemmer-du-aldri/s/1-41-7465466 http://www.muho.no/wp-content/uploads/2012/07/03072012_strilen_side15.pdf
Radøy/Meland
Gjerde, Nils Radøy Ungdom
Marøy, Sigvald Radøy Dagligliv
Nordanger, Birgitta og
Nordanger, Gabriel Radøy Dagligliv
Kjeseth, Mally Radøy Ungdom
Kolstad, Gunnstein Manger
Kjeseth, Mally Radøy Ungdom
Kolstad, Gunnar Radøy
Jon Pettersen Radøy
Per Rossland Meland
Skjellanger, Magne Meland
Solberg, Einar Meland Ungdom del 1
Sudman, Aslaug Meland Dagligliv
Nils Gjerde, Radøy
f.1914
Nils Gjerde frå Radøy har bygd opp meinigheita Betel i Sletta. Ein periode var han ordførar for KrF. Her fortel han om barndom i 1930-åra, krigsåra, etterkrigstida og åra fram til dagens samfunn.
| ||||||||||||||||||||||||||||||
"Far dreiv småbruk og eg var einebarn. Men det var dårlege tider, så eg vart ikkje bortskjemt av den grunn. Me som vaks opp i dei harde 30-åra hadde ingen framtid. Skulle ein få kome inn som læregut i ei bedrift, måtte det muter til for å få læregutstillinga.
Eg har vore med på å byggje opp den frikyrkjelege meiningheita Betel i Radøy, og eg vart sjølv døypt 19 år gamal. Me kunne bruke ungdomslokala til møta våre, men kyrkjer og bedehus var lukka for oss.
Krigen kom som ei utrygg tid. Ein visste ikkje om naboar var NS-medlemer eller ikkje. Me hadde likevel ikkje restriksjonar fra Wehrmacht si side når det gjaldt møteverksemda vår i pinsemeiningheita Betel. Sjølv om me ikkje hadde radio under krigen, beundra me Kong Haakon. Og Max Manus var litt av ein sprellemann.
Eg tykte ein var urimeleg hard med dei såkalla tyskarjentene etter krigen. Dei var unge og uerfarne, og kjærleiken har ingen grenser mellom nasjonane. Kvinner har ein svakheit for alt som heiter glitter. Denne svakheita kom også fram under krigen då jentene vart blenda av dei tyske uniformerte soldatane. Om det var tyskarar, engelskmenn eller russerar i uniform, så gjorde den same svakheita seg gjeldande.
Eg har og ein teori om kvifor folk melde seg inn i NS. 1.maifeiringa, med raude flagg, verka på mange nesten som ein boikott av 17.mai. Eg trur borgarskapet var luta lei av dette. NS hadde ein appell til dei svake sjelene, som ikkje tenkte så veldig mykje, om å slutte seg til det som var norsk og NS fikk soleis ein del medlemer på dette grunnlaget. Men tidlegare NS-folk bør ikkje lenger fordømast. Nok er nok! Eg er likevel samd i dødsdomane som vart avsagt over dei store landsforrædarane, gestapistane og torturistane.
Etter krigen har eg site 24 år i kommunestyret og åtte år i Fylkestinget. Det kan vere mangelfullt med eldreomsorg her i landet, men det er himmelvid skilnad samanlikna med korleis det var før. I dag får folk som treng det penger rett i handa! Det er nesten for godt til å vere sant! Jeg meiner at me ikkje har noko inn i EU å gjere, og eg trur at Danmark, Sverige og Finland gjorde eit forhasta vedtak."
Mally Kjeseth, Radøy
F.1913
Gunnstein Kolstad, Manger
Jon Pettersen, Radøy
f. 1915
Magne Skjellanger, Meland
f.1923
Aslaug Sudmann, Meland
f.1916
Simon Simonsen
Einar Solberg
|