mandag 6. mars 2017

Frontkjemparane



Landssvikarar?
Alle frontkjemparane vart dømde etter krigen, til dels med lange fengselsstraffer. Dette hadde bakgrunn i at dei gjekk i fiendens teneste og i fiendens uniform kjempa for han.
Frontkjemparane sjølve såg det ikkje slik. Dei meinte at dei hadde kjempa for Norges sak, mot den ytre fienden Sovjet, for å hindre at bolsjevikene skulle invadere landet vårt. Dei hadde ikkje kjempa FOR Hitler sa dei, men på same måten som finnane gått saman med Tyskland for å kjempe mot ein felles fiende.
Frontkjemparane vann ikkje fram med sitt syn, og framleis står dommen over dei som landssvikarar, noko dei sjølve var svært bitre over.



Rettsoppgjeret

Frontkjemparane vart dømt kollektivt skuldig i landssvik, men fekk individuelle straffer etter kva dei hadde gjort. Nokre fekk og tilleggsstraff for NS-verksemd eller samarbeid med tysk politi. Ingen vart dømt for ugjerninger ved fronten, då dette var spørsmål som ikkje kom opp i rettsoppgjeret.
Derimot var det stor skilnad i straffene mellom dei som fekk sakene sine opp til doms like etter krigen, og dei som måtte vente ei tid. Etter kvart som krigen kom på avstand, vart domane mildare.

Nokre kom seg aldri på fote att, men med dei fleste gjekk det bra. Etter å ha sona domen kom dei inn i samfunnet att tildels i gode stillingar og kunne leggje krigstida bak seg. Nokre var åpne om fortida si, men for mange gjaldt det å skjule kva dei hadde vore med på, spesielt for jobb og familie. Fordøminga var i mange år stor på alt som hadde med landssvik å gjere, og framleis mange år etterpå var det barn og barnebarn som fekk seg ein stor støkk når det kom fram kva far eller bestefar hadde vore med på.


Under krigen meldte over 12 000 norske ungdomar seg til krigsteneste på Østfronten, og mellom 5-6000 drog dit for å kjempe i dei mest grusomme slaga som fann stad under 2.verdenskrigen. Nærare 900 vart liggjande att på slagmarka. Kvifor gjorde dei dette? Kvifor valde dei å gå i teneste for diktatoren Hitler og hans ideologi? Kan det på nokon måte samanliknast med dagens unge nordmenn som dreg til slagmarkene i Midtøsten og slåss på liv og død for ein annan ideologi?

I eit stort dokumentasjonsprosjekt har vi videointervjua tidlegare frontkjemparar som fortel om sine grunnar til at dei gjorde som dei gjorde, og kva dei opplevde både ved fronten og etter krigen. Med utgangspunkt i desse intervjua vil vi setje desse forteljingane inn i ein historisk samanheng og åpne opp for eit ordskifte om korleis ein kan sjå på landssvik og idealisme i eit historisk perspektiv.


Tekst

    Kva skjedde

    Kven var dei og kvifor meldte dei seg til frontteneste

    Kva opplevde dei
    Rettsoppgjer og ettertid

Video



  • Intervju med krigshistorikar Stein Ugelvik Larsen


Dødsmarkene  (nrk brennpunkt 2009, 30 min)


  • I fotefara til dei gløymde frontkjemparane i Finland, intervju med Wolfgang Vindingstad)



Bilde
    Div samtidsfoto
Video
    Ndla
    Nrk
    https://www.youtube.com/watch?v=Gt2NI4n4v6A (obs på ein del nazimateriale!)
Intervju
    div




Peikarar


Norske frontkjempere Wikipedia




De norske frontkjemperne  Wordpress




Den norske Legion




De som falt








Filmavisa




Knut Baardseth, Stange, Hedmark. Bonde.
Opptak: 1997.07.15
Intervjuer: Jan Eidi
Fotograf: Jostein Saakvitne

Var med i NSUF og meldte seg tidleg som frontkjempar. Deltok i regiment Norge under partisanbekjempinga i Jugoslavia. Var med på retretten attende vestover i 1943/44, vart såra under kampane ved Narva. Sat i fangeleirar i Frankrike, Belgia og Tyskland inntil september 1945.
Etter krigen sentral i INO og hadde ansvaret for arkivet der.

Per Bradley, Bergen/Oslo, lege
Opptak: 1999.03.19
Intervjuer: Jan Eidi
Fotograf: Oddvar Foss.

Melde seg tidleg inn i NS (1934) som faren. Fekk året etter knust ti tenner og kjeven i eit møte med kommunistar i Bergen.
Under krigen var han vaktmann på Stortinget, kretssekretær for NS i Oslo og deretter organisasjonsleiar i fylkesorganisasjonen. Melde seg så til den norske Legion og fekk Waffen SS-utdanning nord for Hannover, ei utdanning han ser på som verdas hardaste og grundigste Vart såra i skuldera ved fronten i Leningrad og hadde seinare kontorarbeid i Latvia, eit land han framleis seglar til på sine sommarlege Østersjøturar.

Dommen var på fengsel i sju år, men sjukdommen gjorde soninga kort
Han vart benåda,  men han poengterer sjølv at han aldri søkte om dette: Jeg kan ikke be om benådning for noe jeg aldri har gjort. Hevdar bestemt at han ikkje var nokon forbrytar, at han ikkje gjorde noko straffbart: Det var for galt at vi måtte stå til rette for forsømmelsene til Nygaardsvold-regjeringen


Amund Enger
Regiment Norge, deltok i dei harde kampane i Budapest mot slutten av krigen.


Johan Ibsen
Legionen


Fredrik Jensen
Oslo-Malaga

Fredrik Jensen vart den mest dekorerte norske frontkjemparen. I dette intervjuet fortel han om dei overbevisningane som låg bak at han meldte seg til krigsteneste. Hans politiske oppfatningar er framleis uendra, og han omtalar frontkjemparane og det norske samfunnets handsaming av denne gruppa med innbitt engasjement.
Faren var glødande antikommunist som likte Vidkun Quislings samfunnsidear. Historielesing om Englands historie gjorde Fredrik Jensen anti-engelsk i sine haldningar. Han var mot tyskarane i 1940, men seinare vart det annarleis, da han meinte å ha fått vite sanninga om korleis og kvifor Norge blei hærtatt. Meldte seg inn i NS i august 1940. Fekk stipendium for å studere politikk og statsvitskap i Tyskland våren 1941.

Avbraut studiane og meldte seg til innsats ved Østfronten. Tok tysk offiserskole og kom til fronten att i Divisjon Wiking. Han fikk krigskorset i gull fordi han meiner sjølv han tok initiativet til trefningar den tida han var offiser. Avslutta krigsinnsatsen ved sydfronten, vart arrestert på sjukehus i Østerrike, og sat i fangenskap i Dachau.

Amerikanarane prøvde i fleire avhør å knyte han til grusomheitene i konsentrasjonsleirane. Hevdar sjølv at han ikkje visste om leirane og heller ikkje om handsaminga av jødane før etter krigen. Rømte med falske papir, men meldte seg på konsulatet og vart sendt til Norge. Fekk ein dom på 3 månader fengsel og tap av statsborgarlege rettar i 10 år.

Gjorde suksess som forretningsmann i Sverige innan kontormaskiner.
Han er framleis nasjonalsosialist, angrar ikkje og hevdar han har eit sant og reint samvit.

Fredrik Jensen skriv innlegg i Dagbladet i 2007

Olaf T Lindvig
Ringebu

Legionen og reg.Norge

Meldte seg inn i NS ved årsskiftet 40-41. Vart Jonas Lies adjutant
Oppropet om verving til Den norske legion vart støtta av mange offiserar. Lindvik meldte seg til teneste saman med mange frå befalsskolen. Leia ein avdeling  på 80 mann som reiste frå Gulskogen til Legionen i Fallingbostel. Legionen telte 1200 mann, 3 geværkompani og 1 mitraljøsekompani. Opprinnelig tenkt sett inn i Finland. I staden for vart det fronten ved Leningrad. Lindvik fortel levande om den strabasiøse reisa til Leningradfronten i sterk kulde, via Stettin, Luga, Pusjkin til skyttargravene 28. februar 1942

Mer om stillingskrigens kvardag, Forflytting til Urisk. Sjef for 2.kompani.
Mineskadd 18.mai 42. Via fleire lasarett til Aker sjukehus. På nytt adjutant for Jonas Lie, fulgte han til legionens dimittering i Riga, køyrte i Himmlers bil: "Lie und Lindvik in mein Wagen herein"!. Deretter til Regiment Norge. Til Sennheim, panserskyteskole og kompaniførerskole i Paris. 1.bataljon hadde tre norske kompanisjefar. Til Kroatia i øvingsleir, deretter Oranienbaum vest for Leningrad. I det russiske storangrepet ved Oranienburg vart det store tyske tap. Han gir ei bedømming av dei norske frivillige. Inntrykk av Jonas Lie og Himmler. Himmler beundra Norge

Artikkel i Wikipedia om Olaf T Lindvig





Eivind Saxlund

Drammen

Legionen og Reg Norge

Eivind Saxlund fortel om si forsvarsinteresse, om Guttehirden og skolegang. Frontinnsats i Den norske Legion og Regiment Norge, arrestasjonen og Ilebuopphaldet.
Fødd i Oslo den 4.juli 1922. Faren var advokat og vernepliktig offiser med sterk forsvarsvilje, i motsetnad til regjeringea. Saxlund fekk kontakt med NS-miljø i 1935, deltok i valkampen 1936 og innmeldt i Guttehirden 1937. Høyrte Quisling tale, solid, traust, sakleg. Seinare på skoleskip og dekksgut til sjøs 1938 -1939

Fekk sympati for sudetyskerane sin situasjon og Anschluss i Østerrike. Frykta krig i Norge. Deltok i frivillig luftvernteneste hausten 1939. Var i Oslo 9.april, mor og søsken evakuert. Avventande haldning i 1940
Frivillig arbeidsteneste i Sel sommeren 1940, ei positiv oppleving.
På nytt medlem i NSUF oktober 1940, bl.a. oppfordra av Kjell Stub.

2.juli 1941 meldte seg til Den norske Legion for å slåss mot Sovjet. Følte det som ei plikt å forsvare Europa mot bolsjevismen. Til Fallingbostel for utdanning. 3.oktober edsavleggjing til Hitler. 5.jan 1942 til Stettin, til Leningradfronten 18.feb. og til skyttargravene 1.mars, i 42 kuldegrader. Fortel om frontlivet og svolten blant sivilbefolkninga. Ramma av gulsott, til Riga og seinare Karlsbad. Kom til ein etnisk blanda reservebataljon i Mitau. Besøk av Himmler. Deretter til Regiment Norge, forlagt til Kostajnica i Kroatia.
Tankar om tilhøva i Legionen, Waffen SS og Wehrmacht
Dimittert i juli 1944, attende på skolen og møtte isfronten heime.

Arrestert av Heimefronten og sett inn på Ilebu. Vaktene av blanda kaliber, reservepolitiet frå Sverige var mest ubehagelig. Dømt til 3 1/2 år i feb.1946, hardare straffer på dei som vart dømt først, 5 og 6 år.
Kom inn på juridisk fakultet etter soning, tok eksamen som best i klassen i 1954 og fekk jobb i Finansdepartementet.




Arne Wolff

Bergen

Skipselektriker

Legionen

Arne H. Wolff fortel frå sine unge år som NSUF-medlem i Bergen, studieturen til Tyskland , den harde tida ved fronten og den fantastiske flukta til Sverige ved krigsslutt.
Født 27. 9. 1918. Faren var journalist i BT, sjøfartsmedarbeidar. Han trakk seg ut av avisa då ny NS-redaktør vart tilsett. Heile familien var mot NS. Wolff meldte seg inn i NSUF i gymnastida 1935. Alle politiske parti hadde sine ungdomsklubbar, stor politisk interesse i skolen. Tilsett i Bergen kommune som kontorassistent. Seinare ungdomsleiar i NS med eige kontor. Stor aktivitet, men Bergen var ein svak by for NS.

Fortel om kvadag med organisering av leirar, turar, plakatklistring m.m.
Medlemmene stort sett frå mellomklassen, Hirden hadde mykje frå arbeiderklassen. Studietur til Tyskland for å studere Hitlerjugends organisasjon. Positivt inntrykk av at Hitler tok ungdommen med i oppbygginga. av Tyskland, fjerna arbeidslausa, betra økonomien. Gruppa på 10 handhelste på Hitler, han gjorde eit sterkt inntrykk.
Wolff gir ei vurdering av Quisling og leiande NS- folk

Kom til Den norske Legion og Leningradfronten. Folk svolt, overlauparar kom med skjei. Det meningslause spelet av menneskeliv ved fronten forandra ein som menneske. Lite kontakt med sivilbefolkninga. Såg ingen overgrep frå Waffen SS på dei 22 månadene opphaldet i legionen varte. Heime var situasjonen heilt forandra, arrestasjonar, likvidasjonar. Uviss stemning ved krigsslutt, ingen visste kva som ville hende.Ei lita gruppe låg i 2 mnd.i dekning på ein privat holme utanfor Hjellestad. Wolff låg siden 1 år i dekning. Rømte til Sverige på falske papir, fekk jobb på eit kjøkken, men etterlyst.

Angitt til svensk politi, utlevert og frakta til Bergen. Nekta straffeskuld og fekk 8 års fengsel. Først Espeland og Knappen, deretter Gulskogen. Fagutdanning som elektrikar med god eksamen. Ein svoger hjelpte han å kome til sjøs, arbeidde der i 18 år

Er ikkje lenger nasjonalsosialist , meiner den gir for mykje maktkonsentrasjon.


Amund Enger







Bjørn Østring

Gjøvik, Bærum

Ein av dei mest kjente NS-folk frå etterkrigstida. Østring har vore kjelde for mange etterkrigshistorikarar som skriv om NS og okkupasjonshistorien.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar